Gunnar Isachsen

Gunnar Isachsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. oktober 1868
Drøbak
Død

19. desember 1939 (71 år)
Asker

Yrke oppdagar, militær
Gunnar Isachsen på Commons

Gunnerius Ingvald Isachsen (fødd 1868 i Drøbak, død 1939) var ein norsk offiser og oppdagar.

Isachsen vart premierløytnant i kavaleriet 1891, rittmeister 1899, fekk avskjed som fastlønna offiser 1917 og major i landvernet 1924. Gunnar Isachsen var styrer (og seinare den første direktøren) av Norsk Sjøfartsmuseum frå 1923.

Han var med på Otto Sverdrup sin ekspedisjon med «Fram» 1898-1902 som topograf, og kartla store område av inntil då ukjende øyar nord for Canada. Frå 1903 til 1905 deltok han i fransk militærteneste i Algerie og Paris, og i 1906 og 1907 leia han ekspedisjonar til Svalbard. Desse var utsendt og betalt av fyrst Albert I av Monaco.

I 1909 og 1910 leia han sine eigne statsunderstøtta ekspedisjonar til Spitsbergen, og ved desse ekspedisjonane grunnla han det seinare norske systematiske forskingsarbeidet på Svalbard. Ved handsaming av Spitsbergenspørsmålet på fredskonferansen i Paris 1919 var Gunnar Isachsen den norske regjering si tekniske delegerte. Gunnar deltok i ekspedisjonar til Aust-Grønland i 1923 og 1924, og var med særskilt oppdrag på kvalfangst i Rosshavet 1926-27, Statens kvalinspektør i Sørishavet 1929-30, leiar av den fjerde Norvegia-ekspedisjonen rundt Antarktika 1930-31.

Han er avbilda på eit norsk frimerke i 2006, i høve 100-årsminnet for utforskinga av Svalbard.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy